Årsmelding 2025

ÅRSMELDING SURNADAL FRIVILLIGSENTRAL 2025

Rådet for Surnadal Frivilligsentral har i 2025 vore slik samansett:

Surnadal Kommune


Politisk valt leiar:
 
Mona Rita Rønning
 Surnadal Ungdomsråd: 
 Ida Mo og Thor Alfred Lediard (januar-juni)
 Signe Roaldset Fiske og Jarle Torvik Røkkum (frå november)
 Administrasjonen:
 
Lilli Husby og Siv Torvik
 Vara: Torbjørn Larsen

Lag og foreninger


Surnadal Sanitetsforening:
 
Elinor Bolme
 Røde Kors:
 
Elsa Kvande
 Surnadal Pensjonistlag:
 Brynhild Tjelle (januar-april)
 Herdis Solli (frå november)
 Treffast:
 
Oddny Hoem


Rådet har hatt 6 møter i løpet av 2025.


AKTIVITETER 2025

KAFFETREFF FOR KREFTRAMMEDE
Starta i mars 2025, etter initiativ frå kreftrammede i Surnadal, i samarbeid med kreftkoordinator Kari Øyen og Surnadal Frivilligsentral. Kaffetreff for kreftrammede er for alle som har kreft eller har hatt kreft, som ønsker å møte andre i same situasjon over ein kopp kaffe. Pårørende blir invitert somme gong. Aktiviteten veksler mellom å vere eit uformelt kaffetreff, ein arena for å dele personlege erfaringer og innlegg frå fagpersoner (til dømes kommunen sitt fysioterapitilbud). Kaffetreffet blir arrangert den siste torsdagen i måneden. 

SPRÅKKAFÉ
Folkeakademiet arrangerer språkkafé på Surnadal Frivilligsentral kvar måndag, med unntak av i skuleferier. I 2025 byrja Språkkaféen med matlaging. Dei som kjem deltek i matlaging og deler eit felles måltid. 

TIRSDAGSKLUBBEN
Surnadal demensforening og helselag starta Tirsdagsklubben i februar 2025. Arrangementet er meint å vere eit kaffetreff med ulik håndarbeidsaktivitet. Det er ein lågterskel møteplass, med gratis servering. Ein drikk kaffe og pratar saman, og blir oppfordra til å ta med strikketøyet. Før påske vart det arrangert påskeverkstad, i samarbeid med Surnadal Frivilligsentral. Arrangement kvar tysdag.

STRIKKEKAFFE
Surnadal Sanitetsforening arrangerer strikkekaffe på Surnadal Frivilligsentral, kvar tredje laurdag i måneden.

PÅRØRENDEKAFÉ
I desember 2025 starta Surnadal Sanitetsforening, Surnadal Kommune og Surnadal demensforening og helselag opp Pårørendekafeen. Kafeen er tenkt som ein uformell og trygg møteplass for alle som står nær nokon med sykdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringer eller andre livsutfordringer.

ETTERMIDDAGSKAFFE
Røde Kors arrangerer Ettermiddagskaffe på Surnadal Frivilligsentra, kvar andre tysdag i måneden. Det er både kaffesalg og loddsalg, og dei som kjem tek med premier til utlodding. 

TRIM FOR SPREKE SENIORER
Trim for Spreke Seniorer er del av det kommunale helsetilbodet Friskliv&Meistring. Dette er eit tilbod til seniorer som ønskjer å trene i nærmiljøet sitt, bur heime og som går utan hjelpemiddel, men som treng å trene styrke og balanse. Treninga leiast av frivillige instruktørar. Tilbodet er gratis. For å delta lyt ein kontakte Friskliv&Meistring.

TRIM MED STAVGANGGRUPPA
Pensjonistlaget arrangerer innendørs trening på Surnadal Frivilligsentral, kvar torsdag. Dei samarbeider med den lokale turnusfysioterapeuten. I sommarhalvåret flyttar gruppa utendørs, og går stavgang. 

ÅPEN KAFÉ, BINGO OG BRIDGE
Frå februar 2025 har Treffast arrangert bingo og bridge kvar veke. Det blir gjeve opplæring til nye spelarar. Dei heldige bingovinnarane får med seg ein premie heim. 

Bridge kvar måndag.
Bingo kvar torsdag. 

Når Stavganggruppa har innendørs trening arrangerer Treffast åpen kafé mellom trim og bingo. 

SAMTALEGRUPPE FOR VAKSNE MED ADHD
Treffast arrangerer samtalegruppe for vaksne med ADHD, på Surnadal Frivilligsentral. Her kan både dei med ADHD-diagnose og deira ektefeller/samboere møtes til samtalar om korleis det er å leve med denne diagnosen. Tilbodet vart utvida i 2025, og består no av ei stor open samtalegruppe og fleire mindre lukka samtalegrupper. 

I tillegg eit enkeltstående arrangement på Surnadal Kulturhus (Storstuå): Et foredrag om ADHD, med sosionom Ingrid Graue Handeland. 

POKER&CHILL
Starta våren 2025, etter initiativ frå frivillige Yana Smelyk. Målgruppa er unge vaksne. I starten varierte aktiviteten mellom film, maling, poker og rollespel, som mafia og mörk borg. Det var størst oppmøte på poker, og frå april 2025 var det poker annakvar veke. 

BOCCIA
Surnadal og Rindal revmatikerforening starta med boccia i desember 2025. Arrangement kvar torsdag. 

SURNADAL FOTOKLUBB
Surnadal Fotoklubb har åpent møte kvar tredje onsdag i måneden på Surnadal Frivilligsentral. Fotoklubben er til for alle fotointeresserte, uansett nivå og kamerautstyr. Surnadal fotoklubb har ei stadig skiftende utstilling på Frivilligsentralen. 

FRITIDSKLUBB
I 2025 var det pop-up-fritidsklubb på Kulturhuset eit par gong, med PlayStation og toast. Det vert fast Ungdomsklubb på Frivilligsentralen ein dag i veka frå januar 2026.

ENKELTSTÅENDE ARRANGEMENT
Solidaritetsmarkering for Ukraina, Kvinnedagen, Den store klesbyttedagen, Surnadal Pride, Verdensdagen for psykisk helse, TV-aksjonen, Førjulspause, Den kulturelle spaserstokken: julekonsert. 


LEDSAGERTJENESTE
Ledsagertjeneste er eit lågterskeltilbud til alle innbyggere i Surnadal kommune, der alle som ønsker å ha med seg ein person til lege, sykehus, spesialist o.l. kan etterspørre dette hos frivilligsentralen eller heimetenesta (viss ein allerede er tilknytta heimetenesta).

UTSTYRSSENTRAL
I 2025 gjekk vi til innkjøp av 1 familiekort på Trollheimen klatresenter. Vi kjøpte 4 nye sesongkort til Surnadal Alpinsenter. Vi kjøpte 4 fiskestenger og flytevester. Det var utlån av langrennsski med sko og staver, truger, telt, liggeunderlag, hengekøye, kort til klatresenteret og kort til alpinsenteret. Vi ønskjer å implementere utstyrssentralen i biblioteket, slik at lånere kan nytte bibliotekkortet sitt og låne i biblioteket sine opningstider (ev. også med meir opent).
 
 FRILUFTSSKULE
Surnadal Frivilligsentral samarbeidde med Bøfjorden IL og andre frivillige organisasjonar om å arrangere friluftsskule for barn. Kvar dag i ei veke i sommarferien, inkludert ei overnatting. Friluftsskulen er del av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal sine friluftsskuler, og er eit ferietilbud til barn, med ein artig og sosial introduksjon til natur og friluftsliv.

FERIEAKTIVITET FOR BARN OG UNGE
Surnadal Frivilligsentral har saman med andre i Surnadal Kommune arrangert ferieaktiviteter for barn og unge. Det har vore aktivitet i vinterferien, sommarferien og haustferien, i tillegg til nokre kveldsaktiviteter. Over 200 barn og unge deltok på ein eller fleire aktiviteter. Aktiviteter har mellom anna vore alpinturtur, hundekøyring, gokart, manga- og teikneseriekurs, konsert, kino, kajakkpadling, buldring og gresskarlyktverksted. 

                                                        

FOLKEHELSE
Frivilligsentralen er representert i arbeidsgruppe for folkehelse. Tema har vore abc for god psykisk helse, trivsel blant ungdom, ungdomsklubb, folkehelseprofil.
Andre tverrfaglige grupper Frivilligsentralen deltok i: Voksne psykisk helse og rus, Oppfølging Ukraina, Ungdomssatsing.


NETTVERKET FJELLREGIONEN, FRIVILLIGSENTRALENE I TRØNDELAG OG NORGES FRIVILLIGSENTRALER
I 2025 besøkte vi frivilligsentralene i Rindal og Halsa, for å helse på og for å dele erfaringer. Surnadal Frivilligsentral deltok på digitale nettverksmøter med nettverket Fjellregionen. Vi deltok på grunnkurs for nye daglig ledere, samt Fagkonferanse for Norges Frivilligsentraler – begge på Gardermoen og i regi av Norges Frivilligsentraler. Vi deltok også på eitt av Romsdal og Nordmøre Frivilligsentraler sine nettverksmøte, i Ulsteinvik.
 

KURS OG KONFERANSER
Norsk Kulturforum: NOKU-konferansen
Tverga og Framsam: Hvordan utvikle nye sosiale møteplasser?
Møre og Romsdal Fylkeskommune: ABC for god og inkluderande psykisk helse – kick off!
Møre og Romsdal Fylkeskommune: Fylkeskulturkonferanse
Ungdom og Fritid: Landskonferanse
Kristiansund Kommune: Konferanse om ekstremisme og forebygging av ekstremisme


ØKONOMI/STØTTE

BUFDIR
 
Tilskudd til inkludering av barn og unge:

Brukt på ferie- og fritidsaktivitet til barn og unge i Surnadal


Møre og Romsdal Fylkeskommune
 Ungdomsmilder:

Brukt på biljardbord og foosballbord til ungdomsklubb


Ungdom og Fritids fond

Aktivitet og utstyr: 

Brukt på åpningsfest, bordtennisbord, brettspill og ps4-spill til ungdomsklubb


Sparebankstiftelsen SMN

Brukes til aktivitet på frivilligsentralen


Møre og Romsdal fylkeskommune

Tiltak for dei som treng det mest i juletida:

Brukt på matkasser til barnefamiliar



Annen informasjon
2026 © Surnadal Frivilligsentral