Onsdag 13 August
Kl. 11:00 - 15:00, Kavlvegen
Kunsttur 6-9 år
Bli med til Kavlvegen og lag kunst!

Vi går saman frå Åsen bygdemuseum kl. 11:00. Der er det også parkering (HC-parkering på Galtmettet). Det er ca. 2 km å gå, på ein fin sti. 

Ved kvilebua ved Lomtjønn kan vi lage kunst med trå og tre! Da blir vi også kunstnarar som har vore med å laga eit kunstverk - som ein ekte kunstnar har starta på!

Ta med matpakke.

Når vi går tilbake til museet er det open smie, og vi får sjå ein ekte smed i aksjon! Vi får prøve å smi noko sjølv. 

Surnadal Kunstforening og Ane Vik Eines held workshop under Surnadal Open (ein del av Midsommar i Surnadal) søndag 22. juni. Sommarferieturen i august vil bygge vidare på kunsten som vart skapt denne dagen.
Kunstnaren vil ikkje vere til stades 13. august, men det vil nokon frå Surnadal Kunstforening og frå Kultureininga i Surnadal kommune! 

For barn 6-9 år i følge med ein vaksen. Du må bu i Surnadal kommune. 

Påmelding er stengt
2025 © Surnadal Frivilligsentral