Forfattartreff med Arill Riise

Kom og høyr TV-profilen fortelje den gripande og varme forteljinga frå sin eigen barndom.

Tid: onsdag 19. mars kl. 19:30

Stad: Surnadal Frivilligsentral

Gratis inngang.

Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
I boka Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».

Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og  varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».

Arrangert av Surnadal bibliotek og Litteraturhus i Møre & Romsdal.
 

2025 © Surnadal Frivilligsentral